EmigrationWeb Norway
 
Utvandringa frå Orkdal
12. desember 2000

Orkdal historielag har gitt ut ei stor bok om utvandringa frå Orkdal i Sør-Trøndelag.
Boka har ei alfabetisk namneliste med namn på 3.500 utvandrarar. Forfattarane seier at ei komplett liste truleg ville telje 4000 namn. Lesaren kan følgje familiane frå dei ulike gardane over havet til dei er plassert på sine nye heimstader. Tekstene er rikeleg illustrert.
Boka, som har parallell engelsk og norsk tekst, har også ein bolk med artiklar om emne frå utvandringshistoria.
For alle som er interessert utvandringshistorie, vil boka vere til stor inspirasjon.
Boka kan tingast frå Olav Sjømæling, e-post: osjomaling@c2i.net