EmigrationWeb Norway
 
Avslutning av Heimbygda-prosjektet
27. mai 2002

Heimbygda-logo23.mai ble sluttrapporten frå Heimbygda-prosjektet (1999-2002) lagt fram i Ål kulturhus. Det skjedde i samband med lanseringa av prosjektresultatet, Heimbygda - ein refleks av landet og verda, ein lokalhistorisk nettstad for Ål i Hallingdal, der elevar i grunnskulen er målgruppa.




Utforminga av nettstaden er resultatet av prosjektsamarbeidet mellom Ål bibliotek, Ål bygdamuseum og grunnskulen i Ål kommune som gjekk over 2 1/2 år.

Prosjektet har kosta omlag kr. 900 000, finansiert av tilskot frå Statens bibliotektilsyn, Buskerud fylkeskommune, Ål kommune og eigeninnsatsen frå samarbeidspartane.

Prosjektet var eit av sju delprosjekt i paraplyprosjektet Skjermkontakt med lokalhistorien (1999 2001), der Statens bibliotektilsyn gjekk inn for å gjere lokalhistorisk materiale meir tilgjengeleg for publikum ved å ta i bruk informasjons- og kommunikasjonsteknologi ved institusjonar i ABM-sektoren - arkiv, bibliotek og museum.

Eit av måla var å prøve ut ulike modellar for å formidling, tilgjengeleggjering og marknadsføring.

Erfaringane frå Heimbygda-prosjektet syner at ein større felles innsats er viktig for å skape mangfald og kvalitet i nettformidlinga.



Elisabet Sveingar Amundsen, prosjektleiar

Kontakt: Ål bibliotek, telefon 32 08 10 70
elisabet.amundsen@aal.kommune.no

Nettadresse: www.buskerud.fylkesbibl.no/~heimbygda