EmigrationWeb Norway
 
Oversikt over prestegjeld i Hallingdal og Numedal
2. september 2000

Oversikt over prestegjeld og sokn i Hallingdal og Numedal - og en kort beskrivelse av hvordan disse har blitt endret i og etter utvandringsprerioden.

Hallingdal har desse prestegjelda:

  • Nes prestegjeld med to sokn: Nes, Flå
  • Gol og Hemsedal prestegjeld med tre sokn: Gol, Herad, Hemsedal
  • Ål prestegjeld med tre sokn, Ål, Torpo, Leveld
  • Hol prestegjeld med tre sokn: Hol, Geilo, Dagali og Skurdalen

Numedal har desse prestegjelda:

  • Flesberg prestegjeld med tre sokn: Flesberg, Svene, Lyngdal
  • Rollag prestegjeld med to sokn: Rollag, Veggli
  • Nore prestegjeld med fire sokn: Nore, Skjønne, Uvdal, Tunhovd

Prestegjeld og sokn

Eit prestegjeld er eit kyrkjedistrikt organisert under ein prest, eventuelt med hjelp av ein eller fleire kapellanar. Eit prestegjeld kan ha fleire sokn. Eit sokn er normalt eit område som %u201Dsoknar%u201D til ei kyrkje. I Hol er det to unntak frå denne regelen. Hol sokn har kyrkjer både i Hol og i Hovet, og Dagali og Skurdalen sokn har eigne kyrkjer i Dagali og Skurdalen.

På utvandringsweben har ein halde seg til grensene for prestegjelda slik dei er i dag.

Forandringar i grensene

Inndelinga i prestegjeld har vore endra fleire gonger. Frå gammalt var det to prestegjeld i Hallingdal, Nes og Ål.

I 1836 vart Nes prestegjeld delt slik at Nes prestegjeld etter den tid omfatta Nes og Flå, medan Gol prestegjeld omfatta Gol og Hemsedal. Gol prestegjeld endra i 2000 namn til Gol og Hemsedal prestegjeld.

I 1870 vart Hol skilt ut frå Ål. I 1948 vart Dagali- og Sør-Skurdalen, som før hadde høyrt til Nore prestegjeld, overført til Hol. Dagali og Sør-Skurdalen har opplevd dei sørste forandringane, då desse bygdene har høyrt til tre ulike prestegjeld: Rollag, Nore og Hol.

            Numedal hadde frå gammalt to prestegjeld, Flesberg og Rollag. Flesberg har dei same grensene som før. Rollag vart delt i to i 1856. Det året vart Nore oppretta som nytt prestegjeld og skild ut frå Rollag.

Tekst: Kåre Olav Solhjell