EmigrationWeb Norway
 
Hol Bygdearkiv
2. september 2000

Jan Robert Wick, som er tilsett som fotoansvarleg ved Hol Bygdearkiv i halv stilling, har oversendt informasjon om bygdearkivet sammen med noen bilder og et par amerikabrev.

Billedarkivet vårt inneheld vel bortimot 40 000 billeder men ein del av dette, ca 16000 er vel etterkvart ordna og registrert i ein Dataflex base (DOS) Basen er enkel å konvertere bl.a ved at den har moglegheiter til å takast ut som TXT format. Likeså er ca 5000 bilder digitalisert. Det som manglar er eit program der ein kan konvertere saman tekstregistreringane og bildene. I Sogn og Fjordane fylkesarkiv har dei gjort dette ved å bruke Access. Så langt har ikkje me komen her endå. Her vil det vel vera fleire moglegheiter vil eg tru.
 
Eg har valgt ut tre billeder som du kan sjå om du kan bruke. To av dei syner utvandrarar frå Nestegard i Hol.
 
Det tredje syner garden søre Nestegard i 1944, slik han omlag såg ut når desse folka reiste.
 
For nokre år sidan vart det funne gamle amerikabrev i den gamle stugu t.h. Desse har eg i ledige stunder skrive av og det syner seg at det er ca. 100 av dei.
Eg legg ved to brev også.
 
 
Knut A. Nestegard utvandra frå Hol i 1892. Vedlagt finn du det første brevet han skreiv heimatt. Om når han møtte onkelen sin som og heitte Knut (S.) Nestegard på stasjonen i Devils Lake. Bildet syner Knut og Rosine f. Gilbertsen på bryllupsdagen deira i 1898. Dei busette seg ved North Prairie nær Leeds, ND.
 
Det andre er av Anne S. Nestegard og mannen Tollef Ragsteindalen saman med to av barna. Dei fekk 12. Anne er det mange brev etter, og eg vedlegg også det første brevet ho skreiv heimatt til syster si Åse i 1881. Dei busette seg ved Churches Ferry nær Devils Lake, N.D. Breva etter henne har eg og sendt over til barnebarnet hennar i USA. Ho har fått dei oversett til engelsk, slik at dei kan og sikkert presenterast i engelsk versjon. Men dei har eg ikkje nådd tak i endå.